juni 06, 2016

Brev fra en nordmand

Til danske læsere:
Synes du, det er svært at læse nedenstående, så gør som jeg: læs det højt for dig selv. og du vil opdage, at det slet ikke er så svært, som du indbildte dig.



Brev fra nordmanden Norvald Aasen til den norske statsminister Sylvi Listhaug 4. juni 2016
To: postmottak@jd.dep.no ; statsministeren@smk.dep.no ; sidet@vg.no

Til
Sylvi Listhaug:

Eg høyrer i dag, den 4.juni, på nyheitene at ein syrisk "flyktning" seier at du, Sylvi Listhaug,/Noreg tvingar flyktningar til å ta den fårlegaste ruta til Europa! Og så har vedkomande vener som han ynskjer seg hit.
Dette er vås og sludder!

Det er då ingen som tvingar dei til å reise til Europa! For reelle flyktningar er det langt nærmare mogelegheiter å nytte seg av enn denne "fårefulle" vegen til Europa. Det er ein veg som dei vel sjølve. Vi ønskjer dei heller ikkje hit, då dei fleste av oss nordmenn og europearar ikkje ønskjer eit liknande kaos her som dei har i Syria og resten av midt-Austen. Ved at Europa og Noreg brukte litt av dei pengane i nærområda som dei brukar på migrantstraumen ville tilhøva i flyktningeleirane i nabolanda kunne forbetrast. Men store pengesummar går til transport over Middelhavet og mottak i Europa. Her håvar ikkje minst profittørane inn store summar, noko som styresmaktene burde sjå nærare på og kutte bort.  
  
Ein annan ting er at desse "flyktningane" skulle vere anten i, eller i nærmaste område, slik at dei kunne bistå sine landsmenn i ein naudsituasjon. Også det at dei, når freden kjem, skal vere heime å bygge oppatt etter dei øydeleggingane som borgarkrigen har førd til burde vere viktig å ha i tankane. Det burde kjennast som ei skam å gå rundt i Europa og Noreg å leve i fredfull luksus medan eige folk lir i heimlandet eller i flyktningleirane. Same synspunkt meinar eg må gjelde også for afrikanarar som tek frivilleg ein "fårefull" veg til Europa.  
Og kva med å ofre seg for sitt eige folk i flyktningleirane i nabolanda sjølv om slik idealisme ikkje ville føre med seg anna enn blod, svette og tårer? Her ville verkeleg vere gjevande oppgåver for desse som kallar seg flyktningar!

Kven kan reise til andre land og andre folk og krevje kost og losji og at andre skal skal ta seg av dei? Slikt ville eg kjenne på som ei skam!