december 09, 2015

Nordmænd skiftes ud


Fra Norge:

Rigets tilstand

Norvald Aasen
7. dec. 2015

Ope brev til Regjeringa og statsrådane Solveig Horne (Frp), Jan Tore Sanner (H.) og Bent Høie, (H.)

                                                                         Rikets tilstand!
§ 1 i Grunnlova: "Kongeriket Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhændeligt Rige".

§ 83 i Straffelova: "Den som rettsstridig søger at bevirke eller at medvirke til, at Norge eller nogen del af Riget bringes under fremmed Herredømme eller indlemmes i anden Stat, eller at nogen Del af Riget løsrives, straffes med Hefte i mindst 8 Aar eller med Fængsel fra 8 Aar indtil 21 Aar.

                                                                      *********************
Fire statsrådar hadde pressekonferanse den 2. des. 2015 for å fortelje om Regjeringa sine tiltak i anledning av den store asyltilstrøyminga.
Vi fekk fortalt kva kommunalminister Jan Tore Sanner, barne- og likestillingsminister Solveig Horne og helseminister Bent Høie ville setje i verk for å få migrantar ut i kommunane. Her skulle det ikkje mangle sugerør til statskassen. Etter å ha høyrt kva regjeringa på ulike måtar ville påtvinge oss nordmenn, er det berre å innsjå at framtida for oss urfolk, og Norge som eit norsk samfunn, ser mørk og dyster ut. Og i den mørklegginga veit vi at dei såkalla "støttepartia", Krf og Venstre er sterke pådrivarar, men også med støtte frå resten av stortingsfleitalet. Vi skal heller ikkje gløyme alle såkalla "humanitære" organisasjonar, advokatar og andre pressgrupper som nyttar sine  medspelarar i media til å fremje sine krav om opne grenser overfor svake politikarar. Desse pressgruppene må påta seg eit alvorleg ansvar for dei tragediane som skjer i vår verdsdel grunna opne grenser!  
   
Alt handlar om migrantar, asylsøkjarar og "flyktningar", og korleis styresmaktene vil legge alt tilrette for ei utskifting av folket. Det var som ein skulle høyrt Thomas Hylland Eriksen som utforma sitt mål slik: "Den viktigste hvite flekken består  nå i å dekonstruere majoriteten og gjøre det grundig slik at den aldri kan kalles majoritet lenger". (Culcom) Når det politiske fleirtalet på Storting og i andre politiske fora har med seg professorar med slike "edle" mål i livet så må dei vel lukkast! Kort sagt: Nordmenn skal aldri meir verte ein majoritet i sitt eige fedreland! Komplottet mot vårt folkeferd, og landet som vårt folk gjennom tidene har bygd er totalt, og kan truleg aldri omgjerast. Om nokre tiår vil dei framande styre, vi har sagt vårt, og eit krav om landssvikoppgjer vil falle på steingrunn! Då kan vi minnast prof. Nikolaus Gjelsvik sine ord frå "den rette træleæra": "Men den som sputtar på sitt eige folk, og det som høyrer folket til, han vert velsedd hjå framandherrane".

Som det heiter i Stortingsmelding nr. 74 som vart framlagd av Gro Harlem Brundtland i 1979: Stortingsmeldingen går i korte trekk ut på å omgjøre Norge fra et homogent samfunn til et flerkulturellt og fler-etnisk samfunn.
Sitatet er henta frå "Åpent brev til Erna Solberg", frå May-Harriet Seppola, av 17.11.2015.
Her heiter det også: De voksne generasjoner er altfor fordomsfulle, fremtiden ligger i barna og måten vi kan forme dem.
Med andre ord, rein hjernevask av den oppveksande slekt for å få dei til å godta avhending av deira fedreland.
Slik planla altså den personen som nokre kallar "landsmoder" framtida for det folket som ho hevda ho skulle tene og leie.

Eg vil minne statsrådane Sanner, Horne og Høie om at det er nettopp fleirkulturelle og multietniske samfunn som oftast endar i motsetnadar og konfliktar og som dermed sender mennesker ut på vandring til stadar som enno ei tid er levelege grunna etnisk og kulturelle einskap. Det er motsetnadsmodellen leiarane i Vesten, og ikkje minst i Norge, vil tvangsinnføre i vår del av verda, og fylgjene har alt vist seg med grufulle resultat. At leiarane i slike situasjonar gret ein skvett og legg ansikta i alvorstunge folder skal vi ikkje la oss lure av. Dei sit sjølv med ansvaret for terror og død, og dei veit det, men dei er snare med å føre skuldingane over på andre, og då helst på dei som gjennom åra har åtvara mot ein politikk som ber ulukka i seg!

Det kunne også vore kjekt om alle desse som vidareformidlar reisefylgja sine røvarhistoriar kvalitetssikra det dei får fortalt før dei gjennom aviser, radio og fjernsyn går ut til folket med dette som sanningar. Men media publiserar desse røvarhistoriene meir enn gjerne. Når Høie fortel om desse mindreårige asylantane sine traumer så er vel det ikkje så rart når dei vert sende bort til framande land for å utnytte eit godtruande folkeferd. Det rette ville vore at dei vart sende tilbake til familiane og kjende forhold med det same. Statsråden, Solveig Horne, snakka om desse borna som "kom og som skulle ha opphald". Er det slik i statsråden si tankeverd at det er berre å bryte seg inn over grensene til eit anna folk, og der skal dei ha opphald og underhald?
                                                               
                                                                        Det største sviket
Når det vert snakka om ein rettferdig asyl- og utlendingspolitikk, så må vi verkeleg få lov til å spørje om ikkje vi som har historisk heimstadrett i dette landet har krav på rettferd. Om ulike regjeringar og stortingsfleirtal har bunde landet til internasjonale konvensjonar og avtalar som vil forvandle og avvikle land og folk, så må slike avtalar snarast reforhandlast og avsluttast. Landet vårt har altfor lenge vore marknadsført ute i verda av verhane-politikarar som har vore meir opptekne av internasjonalt flomlys på seg sjølve enn på folk og land sitt ve og vel.

Det å utslette eit gamalt folkeferd som gjennom uminnelege tider har vore knytt til sitt territorium, og avvikling av deira nasjonale heim, nasjonalstaten, står for underteikna som eit av dei største brotsverk ein leiarelite kan begå, kanskje det største brotsverk. Høgrekvinna, Kristin Clemet, uttala at om hundre år er vi alle berre blitt litt mørkare i huda, Aftenposten, 19.03 1998. Hennar ønskje og mål er ikkje til å misforstå: Vår hudfarge er ikkje bra nok, vi skal utskiftast!

Den Danske Flyktninghjelpa uttala i samband med migrasjonen mot Europa at "Vi kan ikkje vere forplikta til å øydelegge vårt eige samfunn". Resten av vest-Europa, og ikkje minst vesle enfaldige Norge, synes visst det er stas å gå den motsette vegen! Dette må kunne kallast Det største sviket!

Norvald Aasen, 6983 Kvammen
02.12.2015
tel: 57731844